søndag 6. september 2009

Utfordring!!

Kom ei melding på mobilen min denne veka: Du har blitt utfordra! So då har du nåkke å skriva om på bloggen din, sto da. Ette litt om og men fann eg ut ka da va. Solveig hadde sendt utfordringa vidare fra sin blogg. Altså Skriv 10 ting om dej sjøl (som Solveig ville sagt). Her kjem lista. Sikkert ikkje so spennande då. 1. Har spelt fotball på nattcupen til krik og komt på 2.plass 2. Har opptrådt med klassisk pianospilling for nåkken kommunefolk på konferanse på alver hotel, og tjent 200 kr for to sanger:) 3. Har spurt etter den raude "her står du" prikken på et "ta med"-kart. 4. Har gått på guttedoen på ungdomsskulen, mens heile B-klassen satt i vinduet og såg på. 5. Går ofte i pysjen te klokka fire når eg har fri 6. E veldig gla i sauer. Bæbæ 7. Syng berre første tonen viss eg skal stemme i "Å du som metter", etter at eg bomma på den andre i mikrofon foran ein heil familieleir. 8. Trur ikkje husdyr like meg nåkke særlig. Alt i alt 56 tap (med alle fiskane) 9. Har ete popcorn, is og ris (samtidig) te middag ein gang 10. Kjem ikkje på fleire enn 9 ting om meg sjøl. Jepp, jepp. Sende ikkje denne utfordringa vidare no, men kanskje ein anna dag. No e da nemlig kveldsmat på programmet her. Nattinatt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar